Quantcast
Channel: NLQ photo
Viewing all 871 articles
Browse latest View live

Aurifils maiblokk.

$
0
0

På sida til Aurifil er det no lagt ut ei "maiblokk".


Denne månaden er det Jackie Kunkel som er designaren. Ho er frå Usa og har eigen quiltebutikk og designer mønster. HER er link til heimesida til butikken og HER kan du lese meir om henne. I eit tidlegare innlegg (sjå HER) kan du lese om kjende designarar som kvar månad har ei blokk med mønster på sida til Aurifil.

Her kjem du til mønsteret til maiblokka Rocking round the clock.


Disappearing 9-patch!

$
0
0
Kom over dette flotte teppet på bloggen Ps I quilt, nydeleg samansetjing av fargar! På sida hadde ho også lagt ut mønster/turorial.

HER kjem du til mønsteret.
 Her er to tilfeldige som dukka opp ved søk på Google. Teppet over er av Valentine quiltworks og ved å gå inn på sida finn du akkurat framgangsmåten til dette teppet.
Dette er bloggaren bak Crafty Mathea som har laga, frisk i fargane! Her kan ein nok bruke alle restar i alle fargar, eit teppe å bli i godt humør av!

Klubbmøte mai!

$
0
0
Det er tid for maimøtet i NLQ, no tysdag 7.5 kl 18.30 møtest vi på Stokkenes gjestegard til eit spesielt møte.

Vi har Quiltekafe der vi kosar oss med god mat og prat ved småborda. Dette har vi god erfaring med, men denne gongen prøver vi noko nytt i tillegg.

Vi skal ha LOPPEMARKNAD!!
Medlemmane vert oppfordra til å ta med seg hobbyrelaterte lopper som dei vil bli kvitt, for kanskje er det nokon i klubben som har bruk for akkurat dette!
Her er nokre tips:

  • Hobbybøker innan td. lappeteknikk, søm, strikking, scrapbooking, maling
  • Hobbyutstyr, td div. "verktøy" til ovanfornemnde hobbyar
  • Stoff, sytråd, brodertråd, band, vatt, pyntepapir,.......
OBS:
  • Det som er til sals vert samla på ein stad, difor må du ha godt synleg lapp på med namnet ditt og kva pris det er på vara. Du set sjølv prisen på førehand.
  • Det er medlemmet sjølv som er ansvarleg for salget. Det som ikkje vert selt, tek du med deg heim att.

Til dei som har laga dukkekle, ta dei med! 
Fordi:
Vi skal ha Catwalk med dukker! Har du ei dukke som passar til kleda, så ta den med til visninga.

  • Av annan info så fortel kursleiar om planer for hausten
  • Det vert visning av linjalar
  • Påmelding til blåturen som vert 1. tysdagen i juni.
Då ynskjer det nye styret velkommen til ein kjekk kveld, og evt. nye medlemmer er også velkomne til å vere i lag med oss.

Maimøtets vis og fortel

Våre flotte linjalar!

$
0
0
I år har klubben valt å kjøpe inn ulike spesiallinjalar og bøker til dei som også har det.
Vi har gode erfaringar med eit linjalkurs som vi hadde hausten 2012, og difor kjem vi til å satse vidare på dette når vi startar opp att til hausten.

Vil du låne ein av linjalane, følg med på utlånslista som ligg på høgresida på bloggen.

Her er ein liten presentasjon av dei linjalane som vi har og døme på kva du kan lage med dei.






Dette er linjalen Circle Wedge ruler, løparen over er laga med denne linjalen. Aud S. er mester for denne.

 Storm at Sea-linjalen! Teppet over har Ingun laga.




 Teppet over har Anne Marie laga og Ingebjørg har laga det rosa hjerteteppet under.
 Twister-linjalen!
 Vi har kjøpt både den store og den vesle linjalen.

 Manglar info om kven som har laga nokre av quiltane, send meg gjerne namnet om nokon har tips.

Det blå teppet har Elna laga, ho har brukt den store linjalen til dette. Av restane som vart til overs mellom blokkene, laga ho løpar med den vesle linjalen. God utnytting av stoffet!


Det blå teppet har Ann Margret laga.



 HER kjem du til ei side med mange bilder og tips om X-blokk linjalen.



 Vi har kjøpt 2 linjalar, 6,5 og 7,5 inch og desse to bøkene.



 Solfrid har laga dette flotte teppet. Bildet på headingen på bloggen er eit utsnitt av eit x-blokkteppe Randi R har laga.

 Dette er "Square in a square" linjalen. Den kan td. brukast til same blokker som Storm at sea lagar.



 Dette er "Quick curve ruler" , her brukt til kuvertbrikker etter mønsker frå Annaka. Haldis har sydd denne.

Drivhusmesse med fantastisk lotteri!

$
0
0
Vi har i to år hatt stor suksess med Låvemesse i Leivdalen. No prøver vi oss med noko nytt, DRIVHUSMESSE!!
Under Eidamessa 13-15 september kjem vi til å ha salsutstilling, lotteri og kafe i eitt av drivhusa til Hildenes Gartneri.  Her er vi garantert godt klima og opphaldsver, og vi stiller igjen med mykje flott handverk! Mange av medlemmane er i gang med produksjonen, og i løpet av sommaren vert det nok skapt mykje meir!

Vi skal som nemnt ha eit stort lotteri som vi snart er i gang med. Nokre av medlemmane vil få med seg lotteribok  på neste møte (som er blåturen). Då har dei høve til å selje lodd til sambygdingar på nokre av dei flotte gevinstane vi vil ha, bla. ei dukke med stor klekolleksjon og eit bilteppe med mange leikebilar i! Vi kjem til å selje lodd under Eidamessa og på Mega veka etterpå.

Medlemmane har både sydd og strikka til ei Baby Born dukke, og på klubbmøtet no i mai hadde vi Dukke-catwalk!
Her er  nokre bilder av kle og utstyr  som er komne inn hittil:



 Eit skikkeleg regntøysett !






 Eit teppe med fleece innside som kan brettast til ein babypose, vert festa saman med ein stor knapp.
 Eit stort teppe med hjerter vert ein av hovedgevinstane, kjempeflott!
Så ein kan nok berre gle seg til dette lotteriet! Gjer dette kjent rundt om, for her vert det mange flotte gevinstar!




Katedralvindu

$
0
0
Katedralvindu er ei kjend blokk, og den finst i ulike variantar. Den er også kjend som Japansk bretteteknikk. Det er ei stund sidan vi sydde denne blokka i klubben, då var det handsaum vi brukte.
I eit innlegg tidlegare i vår er det bilde av denne fine nåleputa Haldis har laga, la også ut ein link ved sida av bildet då. Det er brukt maskinsaum på denne, men det er ikkje så vanskeleg som det kan sjå ut til.

Men denne blokka er så dekorativ at den fortener eit eige innlegg.





PÅ denne bloggen, My go-go life, er det steg-for-steg-bilder av korleis du syr denne nåleputa. Den er kun på engelsk, men med svært detaljerte bilder og oppgitte inchmål, så er den enkel å følgje.









I klubben har vi også prøvd oss på likannde teknikkar. Det er fleire måtar å lage desse katedralvindauga på, og basisforma som du ser under her, kan brukast på mange måtar. Her har Bente  med bloggen Bentes Hobbyrom laga seg eit nålebrev av to blokker.
 HER kjem du til Bentes innlegg.
 Japansk bretteteknikk hadde vi som tema på eit klubbmøte i fjor, HER kjem du til dette innlegget. Vi har også kjøpt ei bok som heiter Flower origami, denne fekk vi tips om då vi var på blåtur til Vikebukt og fekk lære dekorative blomsterblokker av Magnhild Tautra. HER er innlegg om denne turen.

Søndagskjolar!

$
0
0
I A-magasinet som kom ut i går 10. mai var desse fantastiske bilda. Det var ikkje noko innlegg om patchwork vel å merke, tittelen på artikkelen var "Brutal bekledning", med vidare tekst "Få motetrender har en så blodig forhistorie som klærne til herero-folket"
Bilda er tekne av dette folket i Namibia av fotografen Jim Naughten, han gav også ut ei bok i vår som heiter "Conflict and costume". Eg skal ikkje kome nærare inn på historia i dette konfliktfyllte landet, men det viser i alle høve at kreativiteten lever uansett levevilkår.


Her har dei brukt det dei har, og dei fargerike stoffa i afrikanske land sprer nok glede opp i all elendigheita!! Nyt synet av desse høgreiste  og stolte damene.






Sjokoladekaka på maimøtet!

$
0
0
Vi fekk servert ei saftig og god sjokoladekake på maimøtet, no har Aslaug sendt oppskrifta til bloggred.!


ENKEL OG SAFTIG SJOKOLADEKAKE

1 l Kulturmelk
600 g Sukker
200 g Margarin
650 g Hvetemel
5 ts Natron
6 ts Bakekakao
Sett steikeovnen på 180 grader.
Smelt margarin.
Ha kulturmelk i en bolle og tilsett natron. Rør det lett sammen.
Ha i sukker og bland godt.
Tilsett margarinen og sikt i hvetemel og kakao.
Rør alt godt sammen.
Ha røren i en bakepapirkledd langpanne.
Steik kaken i ca. 30 minutter.
Glasur
200 g Sjokolader
1 dl Fløte
100 g Margarin
2 dl Melis 

Smelt margarin i en kjele og tilsett fløte.
La dette bli varmt og trekk det av platen.
Ha i sjokolade og rør godt.
Tilsett til slutt siktet melis og rør til en glatt masse.
La glasuren avkjøles litt.
Smør glasuren jevnt utover kaken.
Pynt med litt strøssel ?



Frisk og god ostekake frå Haldis


Ikkje noko hokus pokus med denne kaka, seier ho. Her er det følgt oppskrifta på gelepakken, men der er ein pk Tine kremost ananas og mandarin i, og ein pk Philadelphia naturell i. Dette gjev ein god og rund smak, anbefales!!

M for Mai!

$
0
0
M for Mai, Mor og Meg! Nydelege monogrambokstavar med mønster som kan lastast ned finn du på bloggen til Jenny og Elefantz.
 
Som de ser så skal det ikkje mange stinga til for å lage dette, det er komposisjonen og bruken som er avgjerande for kor fint dette kan bli!
Denne sida er nemnt i eit innlegg tidlegare i år, då var vi først i alfabetet, om de går inn på sida og ser etter siste innlegget, så er ho no komen til bokstaven O.


Smukke hjørner!

$
0
0
Gode sytips får vi aldri nok av, og ved litt bloggsurfing, så dukka dette tipset opp. Marapytta Syskole! Korleis få hjørna fine, ja det kan ofte være eit problem, men her ser det ut til at dette er eit godt tips når ein ser på bilda. Det gjenstår berre å prøve ut sjølv!



HER er link til dette tipset!

Gratulerer med dagen!

$
0
0
Gratulerer med dagen til alle medlemmer og trufaste lesarar av bloggen!

Har ein stoff i rette fargane, så syr vi lett det norske flagget! Og har vi ikkje nok store stoff , så kan vi Log Cabin!

Dette flagget dukka opp på bloggen Gwenshouse ved søk på Google.

Dear Jane utstilling!

$
0
0
Kikk innom bloggen til Hanne Schneider, ho har vore på ei gigantisk utstilling av Dear Jane tepper i Nantes! HER er eit anna innlegg frå denne flotte utstillinga!

Her er det mange kvadratmeter med Dear Jane!!
Takk til Hanne for at ho deler så mange flotte bilder med oss på bloggen sin!

Quick curve ruler

$
0
0
Klubben har nyleg kjøpt linjalen Quick curve ruler. Å sjå til er det ein enkel linjal; eit rektangel med to bua opningar til å skjære i. Vi fekk vite av butikken som vi kjøpte den av, Primula Design, at det var mange moglegheiter med denne linjalen. Men å sjå mange moglegheiter med ein så enkel linjal, er ofte vanskeleg, for vi trur det ikkje før vi ser det!!

På bloggen Sew kind of wonderful er det mange innlegg om bruk av denne linjalen, så om du har denne linjalen,bør du lagre denne sida. Her er det mange gode tips og flotte quiltar, mønster til å laste ned og truleg til å kjøpe også. Men eitt er sikkert, linjalen er berre fantastisk, og det er så mange smarte måtar å bruke den på.

HER er link til innlegget om korleis ein syr "Spolar", ei enkel men dekorativ blokk. Vil du laste ned heile mønsteret til å skrive ut, så finn du PDF-fil HER.

Linjalen kan også brukast til å lage fine border rundt ein quilt, HER kjem du rett til oppskrifta på det.

Linjalen kan også brukast til å sy "Double wedding ring", du ser framgangsmåten HER, men dette skal visst bli eit kjøpemønster.
Nydelege variantar av Double weddingring!




På venstresida på bloggen ligg det blider av 12 ulike blokker som er lag med linjalen, alle blokkene har oppskrift om du klikkar på kvart bilde.
Dette teppet viser alle 12 blokkene.
Av eigen produksjon i klubben, så vart denne uglebrikka vist på klubbmøtet i mai. Den er laga etter ide frå mønsteret til løpar og puter frå AnnaKa  som du ser under her.

Kort oppsummert er dette ein allsidig linjal med utruleg mange moglegheiter, nesten så at alle burde ha denne linjalen i "verktøykassa" si!!

Korleis sy i glidelås!

$
0
0
Om du strevar litt med å få til å sy i glidelås i td. små toalettvesker, så finn du ein steg for steg framgangsmåteHER.
Sida dette står på, Skip to my lou, er ei "altmuligside". Her står tips om alt mogleg, så det kan vere lurt å ta ein kikk!


Ananas!!

$
0
0
Blokka ananas har alltid sett veldig innvikla ut, og det er truleg mange måtar å sy denne på. Blokka er fantastisk å sjå til, HER kan du sjå kor utruleg mange variantar som ligg ute blant bilda på Google.

Det er no kome ein linjal som gjer at det er enkelt å sy desse blokkene som liknar på bildet over. På bloggen til Csoki-Folt er det lagt ut ein bildeserie om korleis ein steg for steg syr, kuttar og syr saman att bitane, og vips så er blokka sydd!

Csoki-Folt er ofte innom bloggen vår på besøk, ho har både klubben sin blogg og medlem Haldis sin på blogglista si, det er kjekt!! Om eg ikkje tek heilt feil, så er bloggen ungarsk, men om du vil lese litt på bloggen, så klikkar du på Google translate som ligg på venstresida på bloggen. Der kan du velge både norsk og engelsk, oversetjinga er av og til litt mangelfull, men stort sett vert det forståelig.
Til slutt ei helsing til Csoki-Folt: Thanks for the tutorial!!

Lyse dagar, lyse netter og lyse stoff!

$
0
0
Det er den lyse tida no, og lyse stoff skaper den rette stemninga.
Dette teppet fann eg på bloggen til Cluck cluc sew, og der er også lagt ut ei flott oppskrift!
Så om du vil sy deg eit sommarteppe, samle ihop dei lyse stoffa dine og sett deg ut og sy i veg!

Winding ways

$
0
0
I går vart eg inspirert av ei blokk som Innehaver av Primula Design heldt på med, Winding ways.
I lyse lette sommarlege stoff ser denne blokka ut som ei lekker blomstereng.
Dette bildet er henta frå Google. HER er fleire flotte bilder!

På bloggen til Kathy Somers ligg det ute framgangsmåte til denne blokka med mønster. Dette er eit mønster som du kan klippe ut i papir og bruke til mal. Det er med saumrom. Malen ser du under her som bilde. Dette bildet kan du lagre, og bruke slik:
Opne Word, velg sett inn bilde fra fil. Når du har fått bildet på plass, klikkar du på det, då kan du dra i hjørnemarkørane og få den størrelsen som du ynskjer på malane.

På bloggen til Primula Design ligg dette flotte teppet. Nydeleg!




Det er sommar!

$
0
0
Då er vi komne til første dag i første sommarmånaden, og.............DET REGNAR! Hos bloggred trommar det på taket og alle himlens skyer er komne heilt ned til havnivå! Men kva gjer vel det om ein er i nærleiken av litt stoff og ein ide dukkar opp?
Her kjem morgonens inspirasjon, Cross quilt! Eit enkelt design som ein ikkje treng mønster til, men mange fargar som du likar!

 Dette fargeglade teppet ligg ute på bloggen til Film in the fridge

Om du vil ha eit meir maritimt preg på blokkene, kan du bruke raude, blå og kvite stoff.

Her ser det ut som ei samling av nordiske flagg, bilda her er frå eit innlegg hos Aquilt is nice.

Om du treng oppskrift på denne blokka, så finn du ei hos Mrs. Schenkman Quilts! God sommarsying!

Blåtur!

$
0
0
Det er juni og BLÅTUR-tid i klubben vår! I år har vi valt å ha blåturen på klubbkvelden i juni, så det vert ei samanslåing av sommaravslutning og blåtur. Vi har lagt opp til at turen skal vere kort slik at flest mogleg av medlemmane har høve til å vere med! Det har vist seg å vere vellukka, for vi har påmeldt over 35 medlemmer!

Så damer,...... det er på tide å ta fram QUILTEBILEN og gjere den klar for avreise!


Og vi treng meir enn ein slik bil!!





Blåturkomiteen har laga køyreliste, og vi treng 8 slike bilar! Sjå føre dykk denne rekkja av vakre bilar, alle på leit etter ein plass for å tilbringe ein fin kveld!

Det vert kanskje ikkje heilt enkelt å sjå kven som kjem, men her anar vi atter ein gong bilen til eitt av medlemmane, ein liten kvit bil frå ytre strøk (?????) , godt forkledd!

Veret ser ut til å verte fint, så det er godt at det regnar frå seg no i helga!


Då er det berre å ynskje alle påmelde medlemmar velkomne til blåturen! Kle dykk allsidig med gode sko, kle for sola og noko varmt etter solnedgang! Husk også å ta med kontantar til egenandelen, andre kontantar treng du ikkje denne gongen! Husk også saks og blyant!


Viewing all 871 articles
Browse latest View live