Quantcast
Channel: NLQ photo
Viewing all 869 articles
Browse latest View live

Vis og fortel frå februarmøtet!

$
0
0



Her er det brukt "X-block linjalen"

Til dette teppet er det brukt linjalen "Storm at sea"






Her er den store "Twister-linjalen" brukt.












"Idas veske" etter mønster av Bente Malm.








Her er den store "Twister-linjalen" brukt til teppet over. Av restane som då var att, vart det sydd saman kvadrat på nytt og den vesle "Twister-linjalen" vart brukt, passe til ein løpar! Det blir lite svinn av stoff om ein gjer det slik!



Bilda under her er av løparar og ei veske sydd på kurset vi hadde med Birthe Lee Tveit no i januar.








Flotte og vårlege Mug-rugs sydd av blokker som er blitt til overs frå eit anna arbeid!  Flott damer, her går ingenting til spille når ein er kreativ!!


Som vanleg dukkar det opp fristande kaffimat på møta, og vi kosar oss skikkeleg i pausen vår!


Ei imponerande smørbrødkake med laks og reker dukka opp. nesten for fin til å ete!! Nyt den lekre rosa av røykelaks på toppen! Fantastisk! Og takk til Aud som hadde med denne. Vil du lage ei slik så søkjer du smørbrødkake på Google, der er det mange gode oppskrifter!!  HER er link til ei oppskrift og HER er ei anna!




På kvart møte har vi lotteri med nyttige gevinstar frå ein av butikkane våre!


Vår i anmarsj!!

$
0
0
I morgon er det vår! Hurra! Og for å få opp stemninga og forventingar til ei lysare tid, så legg eg ut eit herleg teppe i lyse fargar. Teppet heiter Full Swing.
Bildet av teppet er frå Fat Quarter shop, og på linken HER kjem du rett til sida, og det er GRATIS!!! Mønsteret ligg som PDF side, HER er link til den sida.
På bloggen til Ps I Quilt, innlegg 19. februar, fann eg aller først dette teppet, og det var her linken til gratismønsteret dukka opp. Nydeleg dette teppet også!

Møte 5. mars!

$
0
0
Mars er i gang og komande tysdag 5.mars er det tid for å møtast att.

På dette møtet har vi tenkt å prøve noko vi ikkje har hatt på klubbmøta våre før: Bruk av data!
Dei fleste av medlemmane brukar pc til å sjå på quiltebloggar, facebooksider og heimesider til firma innan quilting. Pcen vert også brukt til lagring av bilder ein finn på nettet og til overføring av eigne bilder frå mobil og digitalkamera.

Den digitale verda er blitt eit godt hjelpemiddel til quiltehobbyen vår, og vi har vel alle innarbeidd våre eigne arbeidsmåtar når det gjeld bruken av data. Dette er måtar som fungerer for kvar enkelt, og mange tileignar seg nye teknikkar etter kvart. Men vi må vel alle innsjå at den tekniske utviklinga går mykje fortare enn vi klarer å følgje med på. Noko nytt treng vi kanskje, men det kan være like viktig å holde på det "gamle" og sjå kva moglegheiter ein enno ikkje har utnytta.

Difor har vi tenkt at dette møtet skal være eit møte for utveksling av erfaringar og deling av gode råd og teknikkar.

Vi håpar at dei som har og brukar bærbar pc, kan ta med seg den på møtet. Og husk!!!...... det er ikkje meininga at her skal ein vise kor flink ein er, her gjeld det å dele på erfaringar og ein ting er sikkert: ALLE har noko å lære!! Ein vert aldri ferdig utlært innan data, små finessar er like interessante som dei store!

Hovudfokuset er bruk av bilder på pcen, dette meiner vi vil være nyttig å gå igjennom no når vi skal ha kurs på årsmøtet der ma. overføring av bilder til stoff er temaet.

Tema som kan være aktuelle å ta opp på klubbmøtet:

  • Korleis lage mapper på pcen
  • Overføring av bilder frå mobil/fotoapparat
  • Bruk av bildeprogram: beskjære og komprimere bilder
  • Andre nyttige tips vi kan dele

Vi tenkjer oss at når vi ser kor mange som har med pc, så deler vi oss i smågrupper der vi tek føre oss det som er mest aktuelt å ta opp. Her er det lurt at dei som td. brukar same bildeprogram sit i lag og lærer av kvarandre. Også dei som ikkje har med seg pc, kan setje seg der dei meiner dei kan ha noko å lære.

Det vert ikkje noko form for "forelesingar", her er ingen ekspert som kan alt. Det er viktig å få til det grunnleggjande arbeidet med dataen før ein tek til med bildebehandling. Dette er viktig for at du skal finne att bilda dine på pcen!!! Bildeprogram er ulike men tanken er at vi deler på det vi kan, løyser problem som dukkar opp i lag, og så håper vi at alle vil få nytte av ein slik kveld.

Så dette må du sjekke opp/ ta med om du har:

  • Bærbar data, husk laddekabelen!
  • Gjer også merksam på at vi kanskje har ulike typar pcar, Mac  og vanleg Pc. Bloggred. har typen Mac og har erfaring med den. Om nokon har Ipad, kan den også takast med.
  • Sjekk opp kvar slags bildeprogram du har på pcen din. Er du usikker på det, sjekk om du har Office-pakken, der er det som oftast eitt som heiter Microsoft Office Picture Manager. Har du eit avansert program er det ikkje sikkert at mange kjenner til det. Som oftast held det med eit enkelt program. Picasa er eit gratisprogram du kan laste ned frå internett.
  • Ta med fotoapparat til evt. overføring av bilder, nokre pcar kan ta imot minnekortet, andre må ha kabel, sjekk kva du må ha!
  • Det er ikkje sikkert at vi har tilgang på Internett, vi sjekkar opp det med eigar.
Då håpar vi på ein lærerik kveld på Stokkenes Gjestegard, er noko uklart må de ta kontakt med bloggred. 

Tips til bildeoverføring til stoff!

$
0
0
På årsmøtekurset som vi skal ha no komande laurdag, handlar det ma. om bruk av/ overføring bilder på stoff. Nokre av medlemmane våre har prøvd dette, men dei fleste vil gjerne lære meir om framgangsmåten.


I dag kom bloggred. over eit innlegg på quiltebloggen til Mikkje, her har ho lagt ut korleis ho overfører bilder til strykeark og prosessen til det ferdige produktet. HER kjem du rett til innlegget.
Takk til Mikkje og alle andre som deler slike gode tips med oss andre, for dei beste tipsa er dei som er utprøvd og funne nyttige!

Eit stjernegalleri.....

$
0
0
Starburst quilt-along dukka opp på bloggred. sin data i dag, ein time før sola stig opp over eit gnistrande Nordfjord landskap. Ein månesigd dukka opp i aust og det har truleg vore mange stjerner å sjå før vi stod opp i dag.

Årsaka til dette innlegget er at bloggred vart så imponert over alle variasjonane i fargespelet på denne stjerneblokka. Det er så kjekt å sjå kva fargar gjer med eit mønster, og når vi får sjå ei samling av same blokk i ulike stoff, ja då må det berre kallast eit stjernegalleri!!
 Bilda er henta frå denne bloggen.

HER kjem du til innlegget med alle stjernene!


HER kjem du til mønster og framgangsmåte. Som vanleg er det meste som ligg ute på nettet, på engelsk, men med gode bilder og måla oppgjeve ved bilda, så kjem ein langt.

Bilder av quiltar som har vore med i denne quilt-alongen finn du på Flikr HER.

Årsmøte!

$
0
0
Så ynskjer vi medlemmane våre velkomne til ein innhaldsrik årsmøtedag i morgon laurdag 9. mars!
Som vanleg startar vi dagen med ein god og lang frukost på Nordfjord Hotell!


Vi møtest kl 8.30 og kosar oss med maten fram til årsmøtet startar kl 10! I år håpar vi på stort frammøte, for vi har viktige saker å ta opp.

Kl 12-18 vert det kurs på Stokkenes Gjestegard. Hilde Lien frå Molde er kursleiar på kurset som heiter "Korleis lage dine eigne motiv på stoff,- ingen grenser!" Eit liknande kurs hadde Hilde under Vestlandstreffet i Ålesund i 2011. HERkjem du til den kursomtala.

Mange likar å bruke nostalgiske bilder til overføring til stoff. På sida Old Photo Album finn du mange bilder du kan kopiere, under headingen står det til og med at dei er gratis å bruke (men ikkje i "salgsøyemed"). På siste klubbmøte var det kanskje nokre som lærte å lagre bilder ein finn på nettet, no får du bruk for det!!!

Då avsluttar eg innlegget på kvinnedagen med eit bilde henta frå bloggen Old Photo Album, ei flott dame som sikkert veit kva ho vil!!!

Eit vellukka årsmøte

$
0
0
Ein god start på dagen er viktig, og med ein så god start som årsmøtefrukosten på Nordfjord Hotell, så måtte det berre bli ein god dag!
Bildet over fortel vel alt, her vart det ete det meste ein hotellfrukost kan by på, og det hopa seg opp litt fat etter kvart!
Og då ein vel var mett og god, og det framleis var att tid før årsmøtet starta, så kan ein vel ikkje sitje i ro med hendene i fanget??
Her vart det falda lukkekant og eit par tepper inspirert av Arne og Carlos vart det strikka litt på.
Dette må då vere ein perfekt morgon??

Om lag halvparten av medlemmane møtte fram og var aktive i dei ulike sakene som vart tekne opp.
Det var to som gjekk ut av styret; kursleiar Siv Smørdal og Kursmedhjelpar/sekretær Inger Lise Strand. Dei vart takka for god innsats for klubben, og fekk kvar sin nydelege blomsterbukett,....som bloggred. og fungerande leiar då gløymde å ta bilde av!

Det nye styret ser slik ut:

Anne Marie Holsvik, leiar
Mariann L. Hatlenes, nestleiar/bloggred/bibliotek
Laila U. Piel, sekretær
Laila Brekke, kasserar
Torunn F, Utnes, infoansvarleg
Ingun Vaksdal, kursleiar
Grete Midthjell, kursmedhjelpar
Berit Jakobsen, materialforvaltar

Revisor:
Ingebjørg Utnes
Ingrid Myklebust

Valnemd:
Aud Torheim
Wenche Svoren
Kari Tellevik

Etter årsmøtet var det kurs med Hilde Lien, bilder kjem i eit seinare innlegg.

Velkommen til aprilmøte!

$
0
0
Om få timar er det april og når påska er over, så er det rett på igjen med klubbmøte!! Kjekt at kvardagen kan starte så flott, for tysdag 2. april møtast vi att til klubbmøte!

Så nokre oppfordringar:
  • Denne gongen ynskjer vi at du tek med deg Baltimore-arbeidet,... både til å sy på og til å vise kva ein har fått til så langt. Vi kjem til å dele ut 9 blokker til saman, og det er fint om så mange som mogleg prøver seg på ei eller fleire blokker.

  • Kurs: Så vil vi gjerne at dei som gjekk på årsmøtekurset, tek med seg og viser det dei laga på kurset og evt. heime etterpå. Det er også fint om de vil ta med av det som vart laga på kurset med Birthe Lee Tveit, ikkje alle har fått sett kor mykje fint som vart laga då, og vi andre ser slikt gjerne to gongar!!!

  • Siste oppfordring gjeld linjalar. Vi har hatt linjalkurs med Ingun i vinter, då brukte vi Twister-linjalane, Storm at sea og ein 60-graders linjal. No håpar vi at dei som har brukt desse linjalane, tek med seg det som er laga med dei. No veit vi òg at det er mange andre flotte linjalar i sving, td X-blokk-linjalen som er brukt i bildet på headingen på bloggen her. 

  • Så oppfordringa ang. linjalar er: Har du brukt ein spesiallinjal, NY eller GAMMAL, ta med deg noko som du har laga med den så vi andre kan sjå moglegheitene som finst!!!
Og butikkane tek nok kanskje med seg nokre fristande linjalar.........





"Sytorsdag"

$
0
0
Då inviterer vi alle medlemmane våre til ein koseleg kveld med symaskin!! Det er ikkje ofte vi får til å sy noko på klubbmøta våre, og no har vi eit spesielt oppdrag som vi skal gjere!!

Torsdag 25.4 frå kl 17.00 har vi leigt lokale på Stokkenes Gjestegard der vi skal jobbe med dette:


  • Sy kle og utstyr til dukka som vi skal ha til lotteriet vårt i september.
  • Sy sammen dei resterande blokkene av Dear Jane til små tepper/oppheng til det same lotteriet.
Dette tek du med deg:
  • Symaskin
  • Matpapir el. liknande til å tegne av mønster på.
  • Ta med eigna stoff til å sy dukkekle av, husk evt. knappar eller borrelås til lukking av kleda.
Dukka er  den ekte "Baby Born" dukka, og fleire av medlemmane har gitt beskjed om at dei har mønster og bøker med mønster som er tilpassa denne storleiken. Oppfordrar desse til å huske å ta dei med!!
Du finn mykje inspirasjon til både strikka og sydde dukkekle på den flotte bloggen til Timotei, ta ein kikk og bli imponert!

Dei som ynskjer å sy saman Dear Jane-blokker, treng ikkje å ta med stoff. Klubben kjøper inn stoff, vatt og bakside. 
Bildet under er av eit teppe vi i klubben har sydd sammen tidlegare, kikk her for å sjå eit innlegg frå 2008. HER er alle innlegga om Dear Jane som er publisert på bloggen vår.

Det er restblokkene frå dugnaden vi hadde med Dear Jane vi no skal sy sammen til flotte gevinstar. Har du spørsmål om blokkene, så er det materialforvalter Berit som oppbevarer desse.

Nokre av medlemmane har også sagt at dei vil strikke kle til dukka, desse må gjerne møte opp og lage seg ein eigen strikkekrok og kose seg der!! Kanskje kan ein her også dele på strikkeoppskrifter!

Til alle: Ta med deg fotoapparat så du evt. kan ta bilde av modellen du vil lage, for vert du ikkje ferdig denne kvelden, så har du noko å sjå etter.

Som nemnt over så startar vi kl 17, ....og så sluttar vi når vi ikkje orkar meir!! Vi lagar kaffi, og om nokon vil ta med kaffimat, så er det fritt fram. Det er ikkje organisert noko mht. matvert, for denne kvelden er det koseleg sying som står i fokus!

Er det nokon som har spørsmål, kontakt leiar eller nokon annan i styret! Då håper vi på stort frammøte, og kanskje kan vi håpe på godt syveir??? (det vil seie ufyseleg regnveir!!! :) )

Bilder frå årsmøtekurset 2013

$
0
0
I år var det Hilde Lien frå Molde som hadde årsmøtekurset hos oss. Dette var eit kort dagskurs som vi hadde etter årsmøtet.
Her fekk vi lære korleis ein lagar eigne "scrapbook-bilder" som ein overfører til stoff. Bilda under viser mange modellar som Hilde har laga, og mykje av det utstyret ho brukar.

Nyttig utstyr er fine papir, mote- og interiørblad, noteark, gamle bøker med fine skrifter, stempler og stansemaskiner. Alt vart klipt, rive og limt på ark for deretter å klippe ut den fasongen ein ville ha overført til stoff.

Dei øverste bilda er av Hilde sine modellar, lenger nede er det av kursdeltakarane sine arbeid.













































Bilder frå marsmøtet

$
0
0

Flott nålepute sydd av Haldis. Har du lyst til å sy ei slik, så finn du mønster til denne HER.
Her er linjalen "Storm at sea" brukt. Ingun har sydd dette teppet.


Frisk løpar sydd av Synnøve.

Blomsterteppe!! Nydeleg, Laila P er meister for dette.



 Her er det brukt ein av dei nye og gode 60-graders linajlane som skjer ut fleire delar samtidig.

Torunns blomsterbrikker, dette er ei av mange!


 Nydeleg Twister-teppe sydd av Ann Margret.
 Britt S har sydd praktiske posar.


 Dette skal nok bli ein undertøyspose når den blir ferdig!!

 Twisterlinjalen er berre heilt flott å bruke, det var mange som viste flotte ting som var laga med den.


 Her har Randi brukt stor og liten Twisterlinjal. Av restane som blir att når du brukar den store, får du delar til å bruke den minste linjalen på.


 Randis fantastiske kalendarar!


 Flotte påskefargar!! Solfrid er meister for desse.






Ingrid har sydd desse fine Twisterblokkene! Dette blir enten duk eller oppheng.



 Takk til Primula Design  (over) og Lappestua (under) for at dei tek med butikken på møta!





Og så hadde vi sjølvsagt ein god kaffipause med noko attåt!!


Litt søndagsunderholdning??

$
0
0
Kom over ein video som handlar om teknikken "Stitch and slash".

Endå ei moglegheit til å få til flotte effektar med stoff. Her kan ein bruke alle slags restar og det er mange måtar å lage effektfulle mønster på.

Dette er brukt som dekor på td. vesker, men også som ein flott struktur på overflater. Videoen viser at det er mykje brukt på vesker, puter, men kan også verte eit eige lite kunstverk som kan rammast inn. Kanskje du har lyst til å prøve dette ein gong??
Om du vil sjå mange bilder av slike bilder, ta ein kikk HER!

Solkake på aprilmøtet!

$
0
0
Denne gule fristande påskekaka har vi fått oppskrifta til frå Synnøve.

Tusen takk til henne, her er oppskrifta:

SyOddny`s Solkake:

Bunn:

200 g malte mandler
2 dl sukker
1ss smelta smør
1 ts bakepulver
2-3 egg

Berre rør i hop alt samman . Steik ved 180 grader 30-40 min.

Suksesskrem:
4 eggeplommer
1 dl kremfløyte
125 g sukker
1 ts vaniljesukker
150 g smør

Rør saman eggeplommer, fløyte, sukker og vaniljesukker i ei panne. Varm det opp over svak varme og rør heile tida til kremen tjuknar. Ta kjelen av plata og rør straks inn i smør i terningar. Rør til kremen er jevn og glatt. Sett kremen kaldt til den stivnar. Legg mandelbunnen på eit fat og smør over kremmen i toppar. 

Kaka smaker best etter nokre dagar.

Kaka kan trygt frysast.


Det var eit flott kakebord på klubbmøtet i april, det er mogleg her kjem fleire oppskrifter!

Her er oppskrift på Britts gulrotkake, det er den med gulrotpynt bak på bordet.


GULROTKAKE

4 stk egg
2 1/2 dl sukker
3 1/2 dl siktet hvetemel
2 ts natron
3 ts kanel
1 ts salt
1 ts vaniljesukker
1dl olje 
4 dl revet gulrot
Glasur
250 g smøreost ( philadelphiaost)
1 ts vaniljesukker
3 ss smeltet smør
300 g melis
skalet av ei halv appelsin (finrevet)
Fremgangsmåte
Forvarm ovnen til 175 grader.
Pisk egg og sukker luftig, nesten til det blir hvitt. Ha i mel, kanel, salt, vaniljesukker og natron. Rør det godt inn. Ha i olje og  revne gulrøtter. Rør det godt inn.
Bruk ei lita langpanne med bakepapir i. Stek i ovnen i ca 25 minutter. Ta den ut av ovnen og løsne den fra formen. Avkjøl på rist. Legg en kjøkkenhånkle over. La kaka avkjøle seg helt før du begynner med glasuren. 
Glasur
Rør sammen alle ingrediensene. Kaka må være helt avkjølt. Smør glasuren over og pynt med revne gulrøter, som er kokte i en lake av 1dl vatn oog 1dl sukker.

Bilder frå aprilmøtet

$
0
0
Primula Design demonstrerte bruk av linjalen Quick curve ruler. Ein enkel linjal som lagar effektfulle mønster. I siste MyQuilt var der også brukt denne linjalen til eit teppe.

Denne er ma. brukt til AnnaKa sine ugler.


 Små MugRugs  og brikker sydd av Torunn
 Eit vognteppe under arbeid.
 Torunns blomsterbrikke.
 Laila P har sydd dette teppet i spesielle fargar. Nydeleg! Løparen under er også hennar.
 Løparar med motiv frå årsmøtekurset med Hilde Lien.

 Lekkert!!

 Hjertet er frå det same kurset med Hilde Lien. Haldis har sydd denne fine posen.
Dette teppet med Flygande gjess har Aud T sydd. (På nynorsk heiter det kanskje Fykande gjæser?? Kling ikkje så fint det....)
Tidlegare i år hadde vi kurs med Birte Lee Tveit, då sydde vi striper. Denne løparen har Anne Marie som veggdekor, den vart sydd på kurs med Birte for mange år sidan.
Over og under er to variantar av teknikken ein får til med linjalen "Storm at sea". Inguns teppe over er no ferdig quilta, Anne Marie har laga det vesle opphenget under. Som alltid er det fargane som er uttrykket, sååå fine på kvar sin måte!!

Til orientering så har klubben kjøpt denne linjalen som er til utlån til medlemmane. Kjem til å lage eit innlegg om linjalane våre og ein rubrikk på høgresida der de kan finne ut kven som låner linjalane akkurat no så de kan ta kontakt.



 Betsy sydde denne flotte løparen på kurset med Birte Lee Tveit. Løparen under har Anne Marie sydd, den er også i "Birte-teknikk".

2014!

$
0
0
Våren 2014 skjer det igjen!!
Då skal vi arrangere Regionstreffet for oss quiltarar! I år er det desverre ikkje treff fordi ingen søkte om å ha dette, og det var berre vi som var søkjarar til neste år. Forige arrangement gjekk føre seg i Florø.

Sist vi hadde dette treffet var i 2008. Då hadde vi eit vellukka treff der vi hadde Hanne Schneider til foredrag og inspirasjon.  HER finn du innlegget frå dette treffet.


Dette er Dear Jane-teppet til Hanne Schneider

Linjalar!

$
0
0
Klubben har i vinter kjøpt 3 nye linjalar, "Storm at sea" og to stk "Twister", noko som har vist seg å være svært populært. Vi hadde kurs i bruken av desse før jul, og slike kurs er svært lærerike og inspirerande.
Det er mogleg at vi kjem til å kjøpe fleire linjalar til bruk i klubben. Linjalane  vi har no er til låns for alle medlemmane!
Dette er "Storm at sea"

For at medlemmane skal kunne følgje med kven som til ei kvar tid lånar dei og kan tinge seg på som neste lånar, så er det laga ein liten rubrikk på høgresida på bloggen, den heiter "Klubbens linjalar". Der er det no skrive inn kven som er lånar akkurat no.

Sykveld!!

$
0
0
Minner om sykvelden vi avtalte på siste klubbmøte!! No komande torsdag, 25.4, samlast vi på Stokkenes Gjestegard for å kose oss med sying og kanskje strikking! Døra blir låst opp ca kl 17 og så sluttar vi av når nok er nok!
Vi syr:

  • Dukkekle til lotteridukka vår.
  • Restar av Dear Jane-blokker skal bli veggtepper
Vi lagar "Strikkehjørne" for dei som vil vere med oss i hyggjeleg lag og strikke. Og har du trå og pinnar nr 2,5 og 3 er det berre å møte opp, så kan iallefall bloggred. skaffe mønster til fine dukkesokkar!!

HER er link til innlegget  som var lagt ut tidlegare om denne sykvelden.

Kjekk sykveld!

$
0
0

Det vart ein kjekk sykveld vi hadde i går kveld. Så kjekk at vi snakka om at dette burde vi ha oftare. Vi var til saman 10 som møtte opp for å sy sammen Dear Jane-lappar og kle til lotteridukka vår. Og sjå på bilda kor flinke vi var! Her blir det både veggoppheng og løparar av alle lappane vi har att etter den store Dear Jane-satsinga som vi hadde for ein del år sidan. Vi får nesten lyst til å sy fleire slike lappar, sjå kor fint der er med ulike lappar i ein lang løpar!




 Og dukka fekk kle denne kvelden. Det første ho fekk på seg, var eit strikkasett med lue, gensar bukse og sokkar, men desverre vart det ikkje teke bilde av det. Lovar å få det med neste gong, for på klubbmøtet i mai skal vi ha Dukke-CATWALK med mange flotte kreasjonar!

Ein forklekjole!
 Her blir det festkjole!

 Hekla kle er under arbeid!


 Dukka har fått kle til dårleg ver også, regncape med hatt passar vel bra på Vestlandet??

Aurifil-blokker

$
0
0
På sida til Aurifil kan du kvar månad få gratis blokker laga av kjende quiltarar.
I april er Katy Jones designeren, ho har laga ei hjerteblokk.



HER kjem du til omtale av henne og HERer link til pdf-fil med april-mønsteret (Heart and soul).

Hittil i år er det komt 4 blokker, her ser du dei samla.


Januar designer er Erin Russek, HER kjem du til omtale av henne og HER er link til mønsteret (Jumping Jack Flash block).


Februar designer er Marie -Claude Picon-Iperti, HER er omtale av henne og HER er link til mønster    ( Heavy cross).


Mars designer er Jeni Baker, HER er omtale av henne og HER er link til mønster (The boxer).

Du må besøke linkane til desse designerane, for dei har kvar sin stil og det er mykje inspirasjon å hente!!

Og på bildet under er alle i teamet og designarane for 2013, og sjå godt på dei, her er ei frå Norge!! Wenche Wolf Hatling frå Northern Quilts er med i denne flotte gruppa ( heilt til venstre i midterste rekkje), så det er all grunn til å følge med vidare!

Innfelt trekant!

$
0
0
Her kjem første sytipset i mai! Innfelt trekant!

På bloggen til Sigrun vart denne løparen ( Innlegg HER ) og teppet under  (innlegg HER) oppdaga.


Flott med innfelte trekantar! Men endå flottare er det at Sigrun har lagt ut framgangsmåten ho har brukt. Som de ser er ikkje trekantane like, og dette gjer at det blir mykje liv i teppet. Tusen takk til Sigrun for at ho deler dette med oss!!

Her kjem du til innlegget som heiter "Hvordan sy en blokk med trekant inni!"
Viewing all 869 articles
Browse latest View live